Historien

Fjellbygda Heidal ligg øvst i Gudbrandsdalen ved porten til Jotunheimen. I uminnelege tider har det vore kinna smør og laga ost her. Først på setrane og frå 1920 fekk dalen sitt første dampysteri som etterkvart vart til Østlandsmeieriet, i dag kjent som Tine. Da Tine la ned produksjonen i 1995 vart det kimen til «nye» Heidal ysteri som såg dagens ljos i 1999.

Her er nokre høgdepunkt frå den lange historia . Vil du ha heile historia rår vi deg til å legge turen innom oss.

1907: Stålane seterysteri startet.

Drifta ved Stålane seterysteri begynte sumaren 1907 med 5 interessenter, omlag 40 kyr og 110 geiter. Drifta foregjekk i eit gamalt seterhus, som var blitt utvida med eit tilbygg. Kokinga foregjekk i 3 panner av den typen som var vanleg på setrene.
Drifta vart innstilt i 1911.

1920: Det første dampysteriet etableres.

Det var planer om eige ysteri i Heidal etter førre århundre, og frå i 1921 stod det ferdig bygd på Bjølstadvollen. Mange tøffe år og trange tider, men Heidal ysteri overlevde og vart etterkvart livsnerva i bygda. Ysteriet slutta seg til Østlandets melkesentral i 1930.

1992: TINE vil legge ned produksjonen ved Heidal ysteri.

Dette forslaget vekkjer sterke reaksjonar i bygda og det blir kjempa hardt for å behalde det som er sett på som bygdas stoltheit.

1995: TINE legg ned Heidal ysteri.

Da var nedlegging eit faktum og historia om Heidalsosten og Heidal ysteri over, TINE skulle framleis produsere Heidalsost ved eit anna ysteri i landet. Det vart eit trist kapittel i Heidalbygdas historie. "Nå stryk døm mæ hjerta åt bygdn våre," var det ein gamal mann som sa.

1997: Planer om å ta opp att produksjon av Heidalsost.

Heidølene sakna osten sin og ville ha den attende til bygda. Det vart arbeidd med å få realisert prosjektet i to år. BU støtta med tilskudd og tegning,planlegging og bygging vart sett ut i livet. Dei gamle lokala var omgjort til lager for byggevarer og difor ikkje mogleg å benytta, så det måtte byggjast nytt hus. Dette vart da gjort på ei tomt litt lenger sør i bygda, på Prestgards grunn.

1999: «Nye» Heidal ysteri

Etter 2 år med iherdig arbeid for å få osten attende til bygda, stod vi der med eit ferdig miniysteri som vi hadde bygd opp att frå skraphaugene til TINE. Vi var så heldige å finne att mykje av det utstyret som vart kjørt bort fra det opprinnelige ysteriet. Mange har æra for at vi fekk til dette, ikkje minst dei folka som arbeidde på det gamle ysteriet. Det var mange som møtte opp den dagen vi kunne ønskje Heidalsosten "vælkome att åt bygdn"! og kjenne mysusmør lufta bre seg over bygda på nytt.

2004: Andre byggetrinn

Ysteriet vart fort for lite, vi måtte utvide. koking og stapping kunne ikkje lenger foregå i same hus og lagerplassen vart for liten. Det vart au bestemt at vi skulle ta opp att produksjonen av rømmegrauten som dei kokte på gamle Heidal ysteri, til dette måtte vi ha fryselager.

2015: 18 år etter stiftinga av nye Heidal ysteri AS.

Ost og rømmegraut blir produsert heile året. Etterspørselen har i alle år auka både etter ost og graut. Prøveproduksjon av prim, med og utan tyting, er noko vi såvidt har kome igang med.

: