Heidal Ysteri

Nettbutikk:
Kjøp ost (4)
Betingelser

Handlevogn Vis mer
0 artikler


Informasjon
Historie
Produksjon
Autorisasjon og utmerkingar
Kart
Vær vår gjest
Linker
Kontakt oss



Produktomtaler Vis mer
Det er for tiden ingen produktomtaler

Språk
Norsk

Valuta



Ysteriet ønskjer velkommen innom til orientering om produksjonen og historia om heidalsosten. Er det ein dag vi kokar, blir det varm myssmørsmak. Ellers er det ostesmak. Vi koker god gammaldags rømmegraut og kan servere grupper opp til 25 personar. Eller berre enkel kaffeservering.
Må bestillast på førehand.

Butikkutsalg
Vi har ostutsalg i butikken til Håndverkstunet ved sida av Ysteriet. Butikken er kjend for høg kvalitet på sine lokale håndverksprodukt. Fine gåver til bryllaup, bursdagar, hus og hytte. Møblar med utskjering og/eller rosemaling. Smijern, keramikk, sølvsmykker, dreia fat, vevnader, åklær, løpere, håndstrikka varer, lokale matvarer m.m. Håndverkstunet huser keramiker, bunadssyerske og sølvsmed.

Open heile året
Man. - fre. 10.00 - 16.00
Lørdag  10.00 - 14.00

Heidal blir med rette kalla Noregs største levande museum! Her finn vi velstelte tømmerhus på kvar ein gard. Ein stor del av husa i blyda er frå før år 1900, og mange er opptømra på 1700-talet. Dei eldste husa i Heidal er frå 1500-talet. Ekstra fint og imponerande er det at storparten av dei gamle husa er svært godt vedlikehaldne og i dagleg bruk.

 

 

 

 

 

I Heidal har vi eit særprega kulturlandskap. Nede i dalbotnen glitrar og susar det frå det grågøne vatnet i elva Sjoa. På det fyrste naturlege platået oppe dalsida ligg gardrekkja med sine solbarka tømmerhus og høgare oppe i lia ligg mange av dei tidlegare husmannsplassane.
Øvst i bygda, ved Leirflaten, tek det av ein veg sørover mot Murudalen. Her kom det i gang bureising i mellomkrigstida. I tidlegare tider har det òg budd storfolk på Murudalen.
På fleire av dei gamle sæterstulane i Heidal blir gamal tradisjon halde i hevd. Framleis finn vi budeier som er på sætra kvar sommar med ku og geit.

Husflid av ulike slag er attåtnæring for mange heidøler. Særleg er bygda kjent for sine mange gode treskjærarar. Den som tar seg ein tur inn i den vakre kyrkja vår, vil få oppleva den rike treskurdtradisjonen i fullt monn!

Mange tykkjer det er ei rik oppleving berre å reise gjennom Heidal. Vil du oppdage meir av bygdas særpreg, må du stoppe opp!

 



20©04 Heidal Ysteri, 2676 Heidal, Norway Tlf: 61 23 41 40, Faks: 61 23 44 52

Webmaster: Veslum Media          Butikkprogram: oscommerce