Original Heidalsost

Vi har «Original Heidalsost» i tre ulike variantar tilgjengeleg via netthandel eller i velassorterte butikkar.

Rømmegraut


Det vart og kokt rømmegraut på det gamle ysteriet, da stilte to eldre damer opp og var med karane og kokte rømmegraut i same gryta som dei kokte osten i og oppskrifta var nok litt hemmeleg. Den vart kokt på skikkeleg godt gamaldags vis med god rømme og fløyte.

Da vi etablerte Heidal Ysteri på nytt ble det spørsmål etter grauten.  Vi hadde oppskrifta og nokon av dei dyktige folka var framleis med oss, så vi sette i gang. Det er med stor stoltheit vi vidarefører også denne tradisjonen.

Vi koker framleis grauten på same måte, den blir fyldig, gul og fin, og så smaker den himmelsk blir det sagt. Grautfeittet tek vi av midt i prosessen så det får du med ved sida av. Ta godt imot den, for vi er veldig glad i den!

Skal du ha store eller små lag kan du bestille og hente graut direkte frå oss. Ellers finn du den i nokre butikkar rundt omkring på Østlandet.

 

1 liter

Heidal-ysteri_06_web

5 liter

Heidal-ysteri_08_web