100 år

I Heidal og resten av Gudbrandsdalen har brunost og prim røter heilt attende til 1600-talet, og truleg lengre. Heidalsosten har utspring frå eldgamle tradisjonar, og vart
slik vi kjenner han i dag i 1921.

Heidalsosten er ein mørk type Gudbrandsdalsost med kraftig, rund og karamellaktig smak. Lang koketid, godt handverk og gode råvarer gjev den prisbeløna smaken.

Heidalsosten har vore med oss i både kvardag og ved høgtider i 100 år. Vi kan med stoltheit sjå attende på ei eventyrleg reise, og nå ser vi med iver og glede framover på 100 nye år med Heidalsost til frukost, på nistepakka og på julefrukostbordet.